text
stringlengths 0
19.4k
| timestamp
timestamp[ms] | url
stringlengths 0
2.09k
| source
stringclasses 4
values |
---|---|---|---|
Miljødirektoratet slår alarm om metan-mengdene etter ny måling. Auken har aldri vore høgare frå eit år til eit anna. | 2022-11-29T20:21:49 | https://www.networld.no/2022/11/25/ny-maling-viser-rekordmykje-metan-over-noreg/ | OSCAR-2301 |
Høvelbenk frå samlinga til Romsdalsmuseet i Molde. Benkehaken i baktanga står fast. Den liknar på nokre større tilsvarande på vanlege høvelbenkar men er veldig liten. Foto: Roald Renmælmo | 2022-12-09T08:06:29 | https://hyvelbenk.wordpress.com/2015/02/25/kombinert-hovelbenk-og-hovel/_p7c4788/ | OSCAR-2301 |
Siste innspurt av eplehaustinga i Telemark pågår i desse dagar. Kjølege netter og solrike dagar gir siste fargefinishen og konserverer sukkerinnhaldet i epla. Aroma er hovudsorten i butikkane for tida, men om kort tid blir Lobo, Ingrid Marie, Elstar og ikkje minst Rubinstep, å finne i dei fleste daglegvarekjeder. Viss du ikkje har prøvd Rubinstep før, bør du gjere det no! Nyt hausten med velluktande, friskt sørsyrlege eple frå Telemark! | 2022-11-28T19:04:48 | https://telefrukt.no/nyheter/smakt-rubinstep-telemark/ | OSCAR-2301 |
Jula ringes inn når Lars Bleie kjem til litteraturhuset for å snakke om, og lese frå, boka si «Glimt frå ein barndom». Ein samtale om før og no – og om å vekse opp på ein gard prega av naturhushald og tradisjon. Ta ein pust i bakken med ei koseleg stund på litteraturhuset – for store og små. | 2022-12-07T11:01:03 | https://kvaskjerkultur.no/programoversikt/lars-bleie-glimt-fr%C3%A5-ein-barndom-10-12-22 | OSCAR-2301 |
Det meksikanske riksvåpenet viser ei ørn på ein kaktus som fortærer ein slange. Det har vore eit viktig symbol i fleire århundre for politikk og kultur i Mexico. Riksvåpenet i dag er ikkje mykje endra sidan aztekarane utvikla det for nesten 700 år sidan. | 2022-12-07T11:27:06 | https://nn.m.wikipedia.org/wiki/Det_meksikanske_riksv%C3%A5penet | OSCAR-2301 |
Kolenergi er ei nemning på energi kjemisk bunden energi i kol. Kol har ofte vorte nytta som energikjelde ved å verta brend direkte. Kol kan til dømes nyttast til å driva ein dampmaskin, som i eit damplokomotiv. Kol vert mange stader nytta til å generera elektrisk energi. | 2022-12-07T08:15:29 | https://nn.m.wikipedia.org/wiki/Kolkraft | OSCAR-2301 |
Ved Selsneset på Vinnes kan ein sjå restane etter eit lite industrieventyr for hundre år sidan: Vindenes Teglverk.
Vindenes Teglverk på Selsneset vart sett i gang i 1876 av engelskmannen John Vickers Scarborough. Råstoffet var bakkeleira på staden. To tjødner i området syner kvar dei tok ut leira. Dei laga murstein og takpanner. Teglverket vart nedlagt tidleg på 1920-talet, då det vart slutt på råstoffet. Bygningane vart selde og flytta, og den store ringomnspipa vart fjerna i 1928. Utskipingskaien står att, restaurert. Ei kulturstitavle syner foto frå drifta. Ein kan òg framleis finna raudbrende restar av teglstein i området. Fleire bygningar på Vinnes har takstein frå teglverket. | 2022-11-26T15:42:35 | http://visitfusa.no/portfolio/vindenes-teglverk/ | OSCAR-2301 |
John Bolton sin deltaking i årets Holbergdebatt er eit grovt døme på prioritering av store namn over innhald og etikk i ein debatt. | 2022-12-08T03:09:05 | https://www.bt.no/btmeninger/debatt/i/kRMWAB/kvifor-gjev-uib-sin-mest-kjente-talarstol-til-ein-blodtoerst-krigshauk | OSCAR-2301 |
Historielaget har vedtektsfesta at det skal gje ut eit tidsskrift med lokalhistorisk innhald av ymse slag, mellom anna òg folkeminnestoff og munnleg tradisjon. Tidsskriftet skal òg offentleggjere kjeldetilfang frå offentlege og private arkiv og gje noko rettleiing for dei som som skal arbeida med lokalhistoriske emne.
Årboka kom ut første gong i 1970 og har vore utgjeven kvar haust sidan 1972. Nummereringa følgjer utgjevingsåret. | 2022-12-06T21:55:13 | https://lokalhistoriewiki.no/wiki/%C3%85rbok_for_Helgeland | OSCAR-2301 |
Scharans (retoromansk Scharons) er ein kommune i distriktet Hinterrhein i den sveitsiske kantonen Graubünden. Kommunen har 813 innbyggjarar (2010) og eit areal på 14,29 km². Kommunesenteret ligg 760 meter over havet.
Kommunen ligg i krinsen Domleschg. Han består av landsbyen Scharans og grendene St. Agata, Stufels, Parnegl og Prin. Han ligg på ein låg terrasse på høgresida av elvane Albula og Hinterrhein. | 2022-12-07T08:09:50 | https://nn.m.wikipedia.org/wiki/Scharans | OSCAR-2301 |
Sveinung er utdanna Master i arkitektur frå NTNU Trondheim (2021), herunder eitt av åra ved Universitetet i Tokyo. Han har også hatt praktikantjobb i firmaet Arkitekt Smedvig AS. | 2022-12-01T20:47:46 | https://www.sporstol.no/kontakt/ansatte/sveinung-seljebotn/ | OSCAR-2301 |
Stor aktivitet heile helga. Bilder frå kast og løpetrening i Trivselshallen laurdag kveld. 60m med fotocellemåling og stor aktivitet i kastburet. Mykje god rettleiing frå landets beste kastarar. Flott opplegg som vi garantert vil gjenta. Bilde også frå sesongens siste Loggane Open. Fantastisk god kasting av Eivind Henriksen 71,12m, Marte Rygg Årdal 60,62m, Beatrice Llano 57,03m og Evald Osnes Devik 53,04m . Laksevåg IL og Gfil er samarbeidsklubbar og har ilag stått for denne treningshelga. Løparar og kastarar frå begge klubbane har bidratt til stor aktivitet . Når også Trude, Marte, Richard, Gaute og Eivind kjem frå Oslo blir det heilt topp. | 2022-12-01T05:46:54 | https://www.gloppenfil.no/blog/post/19183/stor-aktivitet-i-helga-! | OSCAR-2301 |
Eit lite utdrag frå dokumentasjonsprosjektet "Odda Smelteverk frå råstoff til produkt" utført av fotograf Arvid Aga i 1998-99 for Norsk Vasskraft- og Industristadmuseum. I utdraget ser vi litt frå kalkovnane, karbidovnen og cyanamiden. | 2022-11-28T04:51:35 | https://www.kraftmuseet.no/historie/odda-sin-industrihistorie/infotavler-pa-smelteverkstomta/odda-smelteverk-as-1924/ | OSCAR-2301 |
Trandal er ein suksess. Stadig fleire reiser til bygda for å hyggje seg. Sist helg var der til saman eit publikum på 500. | 2022-11-30T08:31:46 | https://www.hjorundfjord.no/?komponent=artikkel&handling=stikkord&stikkord=GP | OSCAR-2301 |
I går skreiv eg at det neppe kom til å bli snøkaos på vegane i år, men meldingane i dag tyder på noko anna. Alt frå tidleg på dagen kom det meldingar om problem i Aust-Agder, mange var utan straum og tre la seg over vegen. NSB hadde ikkje sin beste dag på Sørlandsbanen, vi fekk bilete fleire gonger av ein mann med sigarett i munnen som ikkje hadde mange godord å seie om jernbanen.
Sjølv sat vi og var glade for at Helge kom i går, då var det ingen problem med toget. I dag tidleg droppa han tur til Sørlandssenteret og handla heller jolegåver i Mandal og Reidun ordna jolehandlinga før det kom snø her, så då det la seg to cm snø og naboen sin brøytebil for lengst hadde teke ut, då var dei heime att og kunne starte å lage julekaker. Sjølv tok eg ein strekk, eg seier som ein som og var på tv då han vart spurt om han hadde handla julgåvene: Eg har folk til slikt.
I kveld fekk eg med meg eit fint program på NRK2 om julesangen Glade jul, Stille Nacht som den heiter på tysk. Det var interessant og gjekk bak historia som vi ofte har høyrt om mus i orgelet og trongen for ei vise som kunne spelast på gitar. Slike program kunne vi godt hatt fleire av i denne førjulstida. | 2022-12-06T20:45:51 | https://blog.setesdalswiki.no/2018/12/ikkje-som-tenkt/ | OSCAR-2301 |
Teikneseriehovudstaden er tilbake frå kunstpausen, det vert rett og slett verdens lengste «kvaharskjeddsidansist-episode». Kim Holm har fått samme diagnose som... | 2022-12-08T00:31:47 | https://www.radcrew.net/tag/film | OSCAR-2301 |
Det er berre få veker til stortingsval og valsirkuset er godt i gang. I Høgre sin hovudorganisasjon i Oslo jobbar Hanne Igland frå Florø som seniorrådgjevar. | 2022-12-02T14:17:53 | https://www.firdaposten.no/hanne-46-fra-floro-gjekk-fra-hotell-til-politikk-det-var-skummelt-i-starten/s/5-16-526432 | OSCAR-2301 |
"ikkje slingringsmon" (ofte bruka om person som er åfløyg'e og ikkje kan vente; andre kan tykkje dette er noko ugreitt) | 2022-11-29T10:25:04 | https://vallemal.no/ord/13791/ | OSCAR-2301 |
Klokkeband frå Hallingdal. Laga i 925S, kvit. Klokkebandet kan brukast til mannsbunadar frå heile landet. | 2022-11-30T23:19:55 | https://butikk2.bunadshandel.no/klokkeband-midtstykke-blank.html | OSCAR-2301 |
Tonga er garden vår som ligg i Norddal på Sunnmøre, i vakker natur – midt mellom fjord, fjell og Herdalseter i verdsarvområdet. På Tonga har ølbrygging gått i arv i fleire generasjonar, frå tida då vatnet vart kokt på vedomn og ølet vart brygga i store trestampar. | 2022-11-28T18:42:47 | https://tongabrygg.no/user/password | OSCAR-2301 |
Irinoúpoli (gresk Ειρηνούπολη) er ein tidlegare kommune i periferieininga Imathía i periferien Sentral-Makedonía i Hellas. Irinoúpoli inngår frå 2011 som ei kommunaleining i kommunen Náousa.[2] | 2022-11-27T09:57:29 | https://nn.m.wikipedia.org/wiki/Irino%C3%BApoli | OSCAR-2301 |
Her kan du sjå bilete frå den flotte Halloween forestillinga til kulturskuleelevane. Imponerande innsats frå alle, både på, bak, rundt og foran scena! Du finn fleire bilete på kulturskulen sin facebookside. | 2022-12-08T03:59:40 | https://www.vestre-slidre.kommune.no/nyheter/bilete-fra-halloween-forestillinga-til-kulturskulen.16221.aspx | OSCAR-2301 |
I denne boka er samla nokre av Arnfinn Berstads dikt. Han hentar impulsar frå natur og landskap, tar for seg tidsaktuelle samfunnsspørsmål, drøftar skikk og moral og skildrar sorg og glede. Han bringer inntrykk frå heimtraktene i Nordfjord, frå Trøndelag og frå reiser i andre land. Kort sagt har han valt emne frå ulike tilhøve og tider gjennom eit langt liv. Bli med Arnfinn Berstad på ferd, – i boka «Berre ein vakker draum». | 2022-12-08T08:39:15 | https://xn--snfugl-cya.no/boker/lyrikk/berre-ein-vakker-draum/?add-to-cart=476 | OSCAR-2301 |
For dei av våre trenarar, lagleiarar, dommarkoordinator og utvalsmedlemmer som ikkje fekk anledning til å delta på første runde med opplæring i dei nye systema våre vert det ein ny runde torsdag 07.01.2021 | 2022-11-30T18:12:05 | https://www.sportsklubben.no/aktivitetskalender-2/brukarkurs-rubic | OSCAR-2301 |
Vi i redaksjonen i larsnes.no ønskjer alle lesarar på heimesida til landsbyen – frå Kina til California, frå Spania til Svalbard, og sjølvsagt alle i Norges land og landsbyen vår ei GOD JUL ! | 2022-12-02T21:01:21 | https://www.larsnes.no/aktuelt/god-jul/ | OSCAR-2301 |
østenfor Sol er en gruppe med base i Oslo som gjennom fem år jobba med tekstar av lyrikaren Vegard Vigerust frå Dovre. Vigerust har ein lang litterær produksjon bak seg, men har dei siste 20 åra konsentrert seg om å skrive tekstar frå Dovre på dovredialekt. | 2022-11-30T03:36:36 | https://majorstudio.no/artister/%EF%BF%BD%EF%BF%BDstenfor-Sol/30 | OSCAR-2301 |
Elevane i storeskulen har vore lærarar til småskuleelevane i kunst og handverk. Resultatet vart flotte mosekuler med svibel inni, fint pynta av ivrige små hender. Kortreist julepynt frå naturen 🎄 | 2022-11-26T09:24:18 | https://hundeidvik.no/blog/a-sa-kjekt-vi-har-det-ilag-%f0%9f%a5%b0/ | OSCAR-2301 |
Delikat ulldorra strikka i Finull og to trådar med Plum. Med 100% ull og eit tynt og luftig mohairgarn saman, lovar vi eit plagg som varmar godt og som ikkje klør. | 2022-12-06T06:44:54 | https://hjorundfjordstrikk.no/no/produkt/romantikkstrikk/garnpakke-ulldorre-med-plum/ | OSCAR-2301 |
KANDU har signert leigeavtale med HOA om Vikingskipet for tre nye år, frå 2021 til 2023 og planlegginga til neste års TG er fullt i gang! | 2022-12-03T06:32:01 | https://www.kandu.no/2020/06/ | OSCAR-2301 |
Trykk "Buy Photo" for prisar. Ein lisens gjeld ei nettside eller ein publikasjon. Bilder krediteres: Foto: Lars Arnvid Steine. Bilder kan ikkje videreselges. | 2022-12-05T20:11:58 | https://www.larssteine.no/EtneBilder/Dyr/Husdyr-Landbruk-Agroculture/i-vgCKtdx/ | OSCAR-2301 |
Her finn du foto frå ulike arbeid. For meir informasjon om arbeidet og fotograf, klikk på det aktuelle biletet. | 2022-12-01T10:36:57 | http://www.juliabachewiig.no/galleri/ | OSCAR-2301 |
Nokre bilete frå Giro si første veke i Norheimsund. Han har funne seg godt til rette, og er tøff i taklingane sjølv om kompisane er noko større. | 2022-12-09T20:19:01 | https://carvecanemg-kull.blogspot.com/2011/12/ | OSCAR-2301 |
Mimrar attende til ein ferietur til den britiske hovudstaden for nokre sommarar sidan, der møtte eg ein gammal kjenning. Har rett nok ikkje truffe han sidan da, så venskapet var kanskje ikkje så genuint og gjensidig som eg trudde der og da. Men vi bånda i alle fall rundt fabuleringa om ein hovudskalle – i det minste. | 2022-12-09T12:29:05 | https://frontlosjen.com/fra-fotoarkivet/fra-fotoarkivet-a-vere-eller/ | OSCAR-2301 |
Ein svært velhalden herskapsbustad frå midten av 1800-talet med ein del av sitt gamle miljø som sjøhus og krambu i behald. | 2022-12-07T09:17:22 | https://www.bokn.kommune.no/tenester/kultur-idrett-og-fritid/prioriterte-kulturminne/5-bygningen-anlegget-i-kro/ | OSCAR-2301 |
Semska–Stødi naturreservat i Saltdal kommune er eit våtmarksområde på høgfjellsplatået på Saltfjellet. Området, som vart verna i 1976, er på kring 13 km² og blir avgrensa av Stødi i sør, Semska i nord og jarnbanelina og E6 i vest. | 2022-11-28T22:40:39 | https://lokalhistoriewiki.no/wiki/Semska%E2%80%93St%C3%B8di_naturreservat | OSCAR-2301 |
Lagdommar er i Noreg tittelen på ein jurist som er utnemnd av Kongen i statsråd til fast dommar i ein av dei seks lagmannsrettane. Ein lagdommar er som andre fast tilsette dommarar ein embetsmann. | 2022-12-06T04:08:29 | https://nn.m.wikipedia.org/wiki/Lagdommar | OSCAR-2301 |
Birgit Oline Kjerstad er frå 2021 stortingsrepresentant frå Møre og Romsdal. Ho sitt som medlem i Energi- og miljøkomiteen. | 2022-12-06T04:46:10 | https://www.sv.no/blog/partiet/menneskene-i-sv/birgit-oline-kjerstad/ | OSCAR-2301 |
Er det ikkje kjekt å ta seg ein liten tur ut til ein felles middag og ein koseleg kveld med vener eller kolleger no i førejolstida. Sessa seg rundt eit langbord og eta god tradisjonell jolamat eller kanskje berre god mat..for godt må det vera:) | 2022-12-02T12:55:26 | https://storeringheim.no/blog/hotell/page/2/ | OSCAR-2301 |
Nokre dagar no har eg vore med i ein dugnad på Wikipedia for å finne kjelder til kjeldelause artiklar. Då vi starta 1. april, var det laga lister med kjeldelause biografiar med til saman over 3000. Statistikken seier no at vi har lagt til over 800 kjelder, så det monar.
Det er ikkje mange setesdølar på desse listene, så anten er folk frå Setesdal ikkje på Wikipedia, eller så har eg ikkje kome til dei enno. Eg trur nok det er det første, det er jo difor eg har laga Setesdalswiki.
Wikipedia har eit nasjonalt og internasjonalt perspektiv, Setesdalswiki har eit regionalt perspektiv. Det er ganske mykje ein kan fange opp og få fram i lyset når ein leitar etter kjelder. Sjølv om mykje finst på Internett, må eg av og til ty til slikt eg kan finne i bøker. For vi trur at vi kan finne alt på google, men det er nok ikkje heilt tilfelle, i alle fall ikkje til no. | 2022-12-04T22:41:11 | https://blog.setesdalswiki.no/2021/04/kjelder/ | OSCAR-2301 |
FLORØ: Dette har vore jobba for lenge, no helikopteret på plass, og vi har fått ein dato. No er det endeleg grunn til å sleppe jubelen laus, seier floraordførar Ola Teigen på telefon frå Trondheim. | 2022-11-29T09:09:12 | https://www.firdaposten.no/ordforaren-endeleg-vi-har-fatt-100-prosent-utteljing/s/5-16-336563 | OSCAR-2301 |
Ein abugida er eit skrivesystem bygd opp av teikn som står for ein konsonant med ein innebygd vokallyd. Ein abugida kan til dømes ha ein «ka» i staden for k. Desse teikna kan så omformast til å ha andre vokalar eller til ikkje å ha vokalar ved hjelp av diakritiske teikn.
Namnet abugida er på same måte som alfabet avleia av dei første teikna i eit skriftsystem, i dette tilfellet geez-skrift. | 2022-12-09T09:24:41 | https://nn.m.wikipedia.org/wiki/Abugida | OSCAR-2301 |
Jørgen Tjemslands plateverkstad er komplett. Gjennom heile 2018 produserte visesongaren ein song i månaden under ulike tilstelninger heilt til han fekk nok songar til å laga eit album. No kjem han til Mellombels for ein siste konsert der han skal spela alle dei nye låtane som vart unnfanga her på Bryne. | 2022-12-03T11:47:16 | https://www.mellombelsolstove.no/arrangement/jorgen-tjemslands-siste-plateverkstad-23/ | OSCAR-2301 |
Margrete eller Margrethe er ei norsk form av det latinske kvinnenamnet Margarita, frå gresk Margarites som tydar perle og eigentleg var eit lånord frå persisk. Namnet finst eit utal ulike former av dette namnet, både internasjonalt og innan norsk namnetradisjon. | 2022-12-03T02:49:51 | https://nn.m.wikipedia.org/wiki/Margrete | OSCAR-2301 |
Develi er ein by og eit distrikt i provinsen Kayseri i Sentral-Anatolia i Tyrkia. Byen har kring 35 000 innbyggjarar. | 2022-12-08T09:51:30 | https://nn.m.wikipedia.org/wiki/Develi | OSCAR-2301 |
Patrick Rhone er ein av dei bloggarane eg har størst sans for. Då er det litt stas når han skriv om 17. mai sett frå amerikansk side. Det er fascinerande, men ikkje så rart, at Syttende Mai har slått rot i USA. Oldefar feira sikkert 17. mai då han var der borte. Vår eigen grunnlov, og til og med vårt eige flagg, er sterkt inspirert av USA, frå den tida landet var ein inspirasjon til kamp for fridom og mot undertrykking. Vi er heldige i dette landet som kan feire vår fridom frå undertrykking, når det er så mange som ikkje kan det. | 2022-12-04T11:21:24 | https://thomasreite.no/2021/05/17/syttende-mai/ | OSCAR-2301 |
Fyrste Sundagstreff i Øystese bedehus samla bra med folk. Takk til alle som bidrog på eitt eller anna vis. Her er nokre bilete frå samlinga: | 2022-12-09T06:51:40 | https://www.bedehusweb.no/2017/10/god-stemning-pa-fyrste-sundagstreff/ | OSCAR-2301 |
Den eldste kjende busetnaden er eit romersk fort grunnlagt i 1. hundreåret. Staden vart så busett av angelsaksarane på 400-talet, og dagens stadnamn er ei forvansking av namnet deira, Gyrwe, som tyder «hei» eller «myr».
Eit kloster vigd Apostelen Paulus vart oppretta på andre halvdelen av 500-talet, som eit dotterkloster til klostret vigd Apostelen Peter i Wearmouth. Beda den ærverdige kom frå Wearmouth til Jarrow ca 682, då han var ti år gammal, og var resten av livet sitt i klostret. Det vart rekna som eit av dei viktigaste læresentera i Europa nord for Roma. I 794 vart klostret den andre staden i England som vart plyndra av vikingar, etter raidet på Lindisfarne året før. Det vart oppløyst av Henrik VIII.
Jarrow vart verande ein liten landsby i fleire hundreår, men voks så raskt i dei siste to-tre hundreåra etter at tungindustri som gruvedrift og skipsbygging vart etablert.
Inntil byrjinga på 1930-talet var opptil 80% av folkesetnaden tilsett hos Palmar's Shipyard; då han stengte etter å ha bygd omkring 1 000 skip utløyste det ei økonomisk krise i byen. I 1936 vart byen kjend etter den såkalla Jarrowmarsjen til London, ein protest mot arbeidsløyse i England.
AttraksjonarEndra
Ruinane av klostret er til dels bygd inn i den moderne kyrkja, som òg er vigd Paulus. I ein av kyrkjeveggane sit det eldste kjende glasmåleriet i verda, frå ca 600. Ikkje langt unna klostret er museet «Bede's World», dedikert til Bedas liv og virke. | 2022-12-07T13:45:50 | https://nn.m.wikipedia.org/wiki/Jarrow | OSCAR-2301 |
Som IBS offer har eg mange gonger følt eg ikkje blir teken seriøst for mine problem. For dei som ikkje har IBS sjølv kan det vera vanskeleg å forstå kva det inneber og at det faktisk kan vera så alvorleg som det nokre gonger er. Ofte føler ein at ein […] | 2022-11-30T20:44:43 | https://mageibalanse.no/tag/magekrampe/ | OSCAR-2301 |
6. søndag i påsketida, før kalla 5. sundag etter påske, tidlegare Rogate, «bed!», av dei latinske orda i evangeliteksten for dagen: «Be, så skal de få!» (Joh. 16,24[1]), er den sjette sundagen i den kristne påsketida.
Evangelitekstane i påsketida (sundagane etter påske) er i tradisjonelt henta frå evangeliet etter Johannes, medan brevtekstane i hovudsak er henta frå dei katolske breva, det vil seie Brevet til hebrearane og Johannes’ tredje brev. I Den norske Kyrkja brukast no annakvart år som preiketekst Mat. 6,6-13, det er teksten til Fadervår.[2]
Alt frå kring år 450 vart dei tre dagane mellom Rogate og Kristi himmelfartsdag kalla rogasjonsdagane. Det var bønedagar då kyrkjelyden gjekk i prosesjon med krossar og kyrkjefaner for å be om velsigning for land og grøde. | 2022-12-08T10:35:40 | https://nn.m.wikipedia.org/wiki/6._s%C3%B8ndag_i_p%C3%A5sketida | OSCAR-2301 |
Ei måneformørking er ei formørking som oppstår når månen går inn i den skuggen jorda skapar så ikkje noko direkte sollys treffer månen. Noko sollys blir avbøygd i jordatmosfæren og treffe månen sånn at han ikkje blir heilt svart. Dette er eit svakt lys som blir mest raudleg på grunn av lysbrytinga. Så lenge månen er oppe er måneformørkingar synlege frå heile jordkloten. | 2022-12-03T15:49:29 | https://nn.m.wikipedia.org/wiki/M%C3%A5neform%C3%B8rking | OSCAR-2301 |
Bokstaven Ђ er den sjuande i det kyrilliske alfabetet, og brukt i serbisk språk. Han vart laga av Vuk Stefanović Karadžić. | 2022-11-28T15:28:13 | https://nn.m.wikipedia.org/wiki/%D0%82 | OSCAR-2301 |
Springar frå Osterøy er ein pardans og høyrer i folkedans samanheng til hovudgruppa Bygdedans. Springaren er ein del av bygdedanstradisjonane… | 2022-11-30T13:53:28 | https://www.immateriellkulturarv.no/lokasjon/osteroy/ | OSCAR-2301 |
Lærdal Ungdomslag vart skipa i 1884 og var aktive i den kvasse målstriden kring 1899 som m.a. Bjørnstjerne Bjørnson var innblanda i. Ungdomslaget fekk eige ungdomshus på Lærdalsdøyri i 1928 då ein flytta det tidlegare Turnhuset til ei ny tomt. I samband med flyttinga fekk ungdomshuset ny fasade, teikna av arkitekt Johan Lindstrøm. | 2022-12-03T22:59:19 | http://laerdalungdomslag.org/2013/10/korpslunch-under-laerdalsmarknaden/img_1472/ | OSCAR-2301 |
Leytron er ein kommune i distriktet Martigny i kantonen Valais i Sveits. Kommunen har 2 703 innbyggjarar (2010) og eit areal på 27 km². Kommunesenteret ligg 485 meter over havet. | 2022-12-01T13:01:03 | https://mapio.net/wiki/Q68849-nn/ | OSCAR-2301 |
Marcus Enes-Seberg frå Ænes er eit lovande skitalent, men oppladinga til komande sesong har ikkje gått heilt som ønska. | 2022-12-07T06:09:20 | https://www.h-avis.no/skadar-sette-sesongen-pa-vent-for-marcus-14/s/5-62-891641 | OSCAR-2301 |
I dag har vi reist. Bussen gjekk 4.45 frå skulen, no er vi vel framme i Tiberias like etter midnatt. Flyplassbilder frå Istanbul får beskrive det meste. God stemning og stor spenning framfor 1o inntrykksfulle dager i eit intenst område. Følg med oss her på bloggen! | 2022-11-28T19:09:41 | https://alesundfhs.no/blogger/skoleturer/israel-og-palestina-flyplassdagen/ | OSCAR-2301 |
Telt som tåler alle årstider. inkludert tung snø. Inner- og yttertelt.God innvendig høgde. Inngang frå to sider, med fortelt på begge sider med god plass til utstyr. | 2022-12-07T06:20:59 | https://www.gramjegeren.no/shop/product/stone-glacier-skyscraper?tm=nettbutikk | OSCAR-2301 |
Vi har nyleg observert at det ligg att søppel på hytta, oska frå ovnen er tømt rett ved hytteveggen, og det er laga 4 bålplassar i tillegg til den som er der frå før. | 2022-12-09T08:32:38 | https://www.sunnmorsk-klatreklubb.no/post/oppmoding-til-bes%C3%B8kande-p%C3%A5-olaselet | OSCAR-2301 |
Vi starta med å selge varene direkte til forbrukarane frå gardsutsalget, på Bondens Marked og på andre lokale messer. Etter kvart som våre produkt vart kjente blandt forbrukarane, kom etterspørselen også frå butikkane. Vi sel no mesteparten gjennom butikk, hovudsaklig i området for Sogn og Fjordane. | 2022-12-08T01:48:09 | https://www.kandalkjott.no/salsstadar/ | OSCAR-2301 |
Då Miljødirektoratet og fem andre statlege verksemder la fram Klimakur 2030, la dei òg hovudet til tusenvis av norske småbønder på hoggestabben. | 2022-12-04T18:12:40 | https://www.vestforsk.no/nn/publication/klimakur-2030-gjer-pasienten-sjukare | OSCAR-2301 |
Onsdag 2. april var det kulturkveld i Årdal Kulturhus. Det vart ein svært vellukka konsert med Årdalstangen Musikklag, Farnes Skulemusikk, Øvre Årdal Janitsjarkops og innslag frå Årdal Kommunale Musikk- og Kulturskule. Les meir på Porten | 2022-11-28T14:05:18 | https://ovreardal.janitsjarkorps.no/?k=1255&id=23050 | OSCAR-2301 |
Rentekammeret var namnet på den delen av riksstyret i Danmark og Danmark-Noreg som styrte med finansane til kongen, riket. Namnet kom truleg i bruk frå Christian III si tid som konge. Frå 1680 var det namn på skattkammerkollegiet i Danmark-Noreg, organisert frå då eineveldet vart innført i 1660-61. Danmark avskipa rentekammeret i 1848. | 2022-12-09T22:55:14 | https://nn.m.wikipedia.org/wiki/Rentekammer | OSCAR-2301 |
Hælen på Italia har ei rufsete okkupasjonshistorie som frå bronsealderen involverer Hellas, Spania, Tyrkia og Venezia. Det er av sine eigne ein skal ha det… | 2022-12-02T22:19:53 | https://www.nattverden.com/tag/salento/ | OSCAR-2301 |
Han var knytt til Uppsala universitet frå 1942 og var professor i kvantekjemi frå 1955 til 1982 ved universitetet. Han var dessutan gjesteprofessor ved University of Florida frå 1960 og leiar for Nobelkomiteen for fysikk frå 1972 til 1984. Löwdin er kjent for arbeid innan kvantefysikk, faststoff-fysikk, teoretisk kjemi og kvantebiologi. | 2022-12-08T13:20:36 | https://nn.m.wikipedia.org/wiki/Per-Olov_L%C3%B6wdin | OSCAR-2301 |
Det vart svært god deltaking mellom dei yngste under årets Senterløp. Om lag 65 i alder 2 til 12 år var med, medan dei frå 13 år og oppover glimra i stor grad med sitt fråver. Berre 13 løparar stilte til start i desse klassane. (biletet: frå premieutdelinga for dei yngste) | 2022-11-29T08:35:26 | https://www.fjellhugvereide.no/blog/post/33827/senterlopet-stor-deltaking-mellom-dei-yngste | OSCAR-2301 |
Det vart heitt då dommaren drog opp det raude kortet til ein spelar frå Øystese heilt på tampen av kampen. Dommarane måtte be om hjelp for å koma seg trygt i garderoben. | 2022-12-09T01:59:21 | https://www.avisa-hordaland.no/dommartrioen-bad-om-hjelp-etter-kampen-beklagar-at-dei-kjende-seg-truga/s/5-132-461209 | OSCAR-2301 |
Emneinnhaldet er eit tilbod gjennom ein CC Namngjeving – Ikkje-kommersiell BY-NC-lisens. Innhaldet i emnet er underlagt denne lisensen om ikkje anna er notert. | 2022-12-05T07:27:47 | https://mitt.uib.no/courses/29468 | OSCAR-2301 |
Ishavsmuseet markerar den store hendinga med variert program frå fredag 25. til søndag 27. august. Meir program kjem. | 2022-12-09T08:50:41 | https://www.ishavsmuseet.no/nyhende/polarstar-kjem-heim/ | OSCAR-2301 |
Welch Mountains er ei fjellkjede som dominerer området aust på Dyer Plateau i Palmer Land. Den høgaste toppen er 3015 moh og fjella ligg 46 km nord for Mount Jackson. Desse fjella vart truleg sett frå lufta av Ellsworth i 1935 og nordenden av dei vart skissert i 1936 av eit hundesledelag under Rymill under British Graham Land Expedition (BGLE). I 1940 vart dei fotograferte frå lufta og kartlagde frå bakken av U.S. Antarctic Service (USAS), og i ekspedisjonsrapportar og kart vart dei rekna for å vere fjella som Ellsworth kalla Eternity Range. Fjella vart kartlagde i detalj av US Geological Survey (USGS) i 1974. Dei vart namngjeve av Advisory Committee on Antarctic Names (US-ACAN) etter kontreadmiralDavid F. Welch, kommandør i U.S. Naval Support Force i Antarktis, 1969-71. | 2022-11-28T08:11:04 | https://mapio.net/wiki/Q7980553-nn/ | OSCAR-2301 |
Treningssamling og seminar med Devon Larratt frå Canada. Open internasjonal (i hovudsak nordiske land) konkurranse på laurdagen, samt ein spennande supermatch på kvelden. | 2022-12-06T10:41:47 | https://jolsterhandbak.no/viking-arms-2018/ | OSCAR-2301 |
Sommarfjøsane på Skorpa, restaurert 1991-93. Sommarfjøsane vart mykje nytta i samband med motstandskampen under 2. verdskrig. Dette var ein av dei viktigaste møtestadane mellom norske motstandsfolk og agentar. Skorpa vart teken i bruk allereie i det første krigsåret, då engelske soldatar låg i dekning før dei vart ført vidare med fiskebåtar til Shetland. Dei første krigsåra var det stort sett fiskeskøyter som vart nytta i denne trafikken, men frå 1943 fekk Noreg større og tryggare fartøy. Den første turen til den nye ubåtjagaren "Hitra" i 1943 var til Skorpa for å hente elleve mann som låg i dekning i sommarfjøsen. Hit kom også radioagentar og sabotørar som skulle reise vidare på oppdrag. Sommarfjøsen er vanskeleg å få auge på frå sjøen, noko som gjorde det vanskelig å avsløre staden. Skjulestaden vart ikkje avslørt i løpet av krigen, men dei to som stod i brodden for motstandsarbeidet, Gerhard Skorpen og Johan Skorpen måtte begge rømme til Shetland. | 2022-12-01T13:17:49 | https://kystreise.no/detaljer/4237/Sommarfjoesen-paa-Skorpa/ | OSCAR-2301 |
– Eg gjer som nobelprisvinnaren, eg skriv korte bøker, forklarer den 68 år gamle barnebokforfattaren frå Radøy. | 2022-12-03T19:57:54 | https://www.strilen.no/kultur/i/BW0RO9/no-kjem-jostein-med-si-tredje-bok-paa-eitt-aar | OSCAR-2301 |
Sjølv om det vart oppdaga høge verdiar av olje i grunnen, var dei ikkje så høge at jorda måtte fjernast. Overvaking av grunnen vart avslutta sommaren 2012. | 2022-11-29T22:10:02 | https://www.forsvarsbygg.no/no/miljo/rive-og-ryddeprosjekt2/porsangermoen2/ | OSCAR-2301 |
Donkeykjel (frå engelsk donkey - esel) er ein mindre dampkjel som leverer damp til drift av forskjellige hjelpemaskinar om bord i eit fartøy, som vinsjar, pumper og ankerspel. Maskinbesetninga som tok seg av donkeykjelen vart kalla donkeymann og var ofte ein erfaren sjømann som mangla formell utdanning eller sertifikat.
Omgrepet vert òg nytta om donkeymaskinar, som er små hjelpemaskinar til drift av pumper, spel og liknande. | 2022-11-29T08:41:24 | https://nn.m.wikipedia.org/wiki/Donkeykjel | OSCAR-2301 |
Alle born frå 3 til 18 år får fri tannbehandling. I hovudsak vert dei kalla inn til tannhelsetenesta annakvart år. Det er Hordaland fylkeskommune som har ansvar for den offentlege tannhelsetenesta | 2022-12-06T23:30:00 | https://www.ulvik.kommune.no/tenester/oppvekst/skule-og-utdanning/tannhelsetenesta/ | OSCAR-2301 |
Châtelat er ein kommune i distriktet Bern-Jura i kantonen Bern i Sveits. Kommunen har 111 innbyggjarar (2010) og eit areal på 4 km². Kommunesenteret ligg 802 meter over havet. Han ligg i den fransktalande Bern-Jura (Jura Bernois). | 2022-12-04T12:48:11 | https://mapio.net/wiki/Q68612-nn/ | OSCAR-2301 |
“Noah dyrka jorda, og han var den fyrste som planta ein vingard. Då han drakk av vinen, vart han drukken og kledde seg naken inne i teltet. Kam, far til Kanaan, fekk sjå far sin naken, og han gjekk ut og fortalde det til dei to brørne sine. Då tok Sem og Jafet ei kappe og la over akslene sine. Så gjekk dei baklengs inn og breidde over far sin. Dei vende andletet bort, så dei ikkje såg far sin naken.“ | 2022-12-05T15:13:17 | https://www.nattverden.com/tag/sevilen/ | OSCAR-2301 |
Hjerteleg velkommen med til ein dag hjå Bøtun Gard på Indre Hafslo. Dei driv økologisk marknadshage der dei dyrkar grønnsaker og snittblomar for sal. Me får ei innføring i korleis ein dyrkar snittblomar, litt om jordlivet og ein 2-rettars lunsj frå med mat frå hagen deira. Dette arrangementet har bindande påmelding og kan ta maksimalt 20 personar. Les meir om Bøtun på www.botungard.no og sjå Facebook-sida vår for nærmare informasjon om prisar og påmelding. | 2022-12-04T03:02:47 | https://hageselskapet.no/sognogfjordane/luster/aktiviteter/botun-innforing-i-dyrking-av-snittblomar-med-2-rettars-lunsj | OSCAR-2301 |
Grindal Ysteri er eit lite, økologisk gardsysteri i Rennebu. Her ystar vi av fersk og upastaurisert mjølk frå dyra våre; ku og geit. | 2022-12-03T00:13:14 | https://grindalysteri.no/?page_id=554 | OSCAR-2301 |
Rouchet, Ruchè eller Rouché – om ikkje det kjæraste bornet med mange namn i Piemonte – så har i det minste drua gått frå attgløymd plante til eigen DOC. Med berre 50 hektar Ruchè i verda blir det eksklusiv vin – men blir det god vin? | 2022-12-02T22:05:49 | https://www.nattverden.com/tag/ruche/ | OSCAR-2301 |
Kommunikasjonspolitikken i Finanstilsynet bygger på ein desentralisert modell. Det betyr at journalistar som ønsker informasjon frå Finanstilsynet, normalt vil få informasjonen frå leiaren for eit tilsynsområde (avdelingsdirektør eller seksjonssjef), eventuelt finanstilsynsdirektøren. Rolla som talsperson kan i enkelte tilfelle òg vere delegert til andre. Kommunikasjonsstaben handterer kontakten med media. | 2022-12-07T03:54:04 | https://finanstilsynet.no/presse/ | OSCAR-2301 |
Fleire av dagane vil organisten Robertas Lamsodis vere der å øve på orgelet, så då kan det bli ein høyrestad også.
Om kyrkja
Grunge kyrkje er ei langkyrkje i tre frå 1850 med plass til om lag 150 personar. Kyrkja er bygd ut frå ei tilpassa typeteikning av slottsarkitekt H.D.F. Lindstow, likt mange andre norske kyrkjer, m.a. Nesland kyrkje i Vinje, og Mo kyrkje i nabokommunen Tokke. Saave Brufloti frå Mo bygde kyrkja.
Mykje av interiøret, m.a. preikestol og døypefont, er rosemåla av Aanund Lunden frå Grungedal. Altertavla er Harald Kihle sin nordiske Kristus som kjem mot ein med fredshelsing. Landskapen han stig ut av, vatnet og fjella, er den ein ser når du går ut av kyrkja. Skisser til Kristusfiguren finst i kyrkjestoga. Kyrkja har og vakre kyrkjetekstilar laga av Gudbjørg Kvammen, Borgny Farstad Svalastog, Inger Johanne Tveito og Elisabeth Bratland. | 2022-12-04T01:23:38 | https://visithaukeli.no/arrangement/grunge-kyrkje-open-i-juli/ | OSCAR-2301 |
Søndag 8. juli vert det Gudsteneste frå dekk på Aarvak, med Margit Lovise Holte, Paul Sandanger og Knut Selvåg kl 12.00. Søndagsmiddag med sosakjøtt frå kl. 13.00. Kaffi og kaker. I år vert det også sett opp kyrkjebåt frå Hareid til Brandal. Før det kom skikkeleg veg mellom Brandal og Hareid vart båtar frå Brandal av og til nytta som kyrkjebåt frå Brandal til Hareid. No vert det høve til å vere med M/S Hindholmen både tur og retur Hareid / Brandal. Les meir om denne ærverdige båten her: http://www.mshindholmen.no/ | 2022-12-09T09:51:06 | https://www.ishavsmuseet.no/nyhende/gudsteneste-pa-aarvak-8-juli/ | OSCAR-2301 |
Då Odd Nordstoga skulle velje éin konsertstad utanfor hovudstaden, var han ikkje i tvil – han ville til Sør-Fron | 2022-11-26T08:17:47 | https://www.gd.no/tag/rudi-gard | OSCAR-2301 |
Når eg skal slappe av, set eg ofte på ei lydbok, slangar meg i sofaen og nyt bøkene utan eingong å måtte bla om frå side til side. Prøv det du óg! Dette er utdrag frå bøkene. Om du høyrde noko du likte kan du ta kontakt med biblioteket ditt. Dei kan hjelpe deg med å få tak i heile boka. | 2022-12-04T01:35:00 | https://www.tunkatten.no/lydboker/ | OSCAR-2301 |
Utan lokale aktørar, samt støtte frå andre private og statlege verksemder, hadde det vore vanskeleg å drive Kvinnherad Handballklubb. | 2022-12-09T18:34:34 | https://kvinnheradhk.no/sponsorane/ | OSCAR-2301 |
Herzog har hatt ei sær karriere. Frå ein ukjend, tysk dokumentarfilmskaper, Herzog kan i dag sjå tilbake på eit vidt og interessant filmbibliotek. | 2022-11-30T17:31:34 | https://jump-cut.no/tag/wrath-of-god/ | OSCAR-2301 |
Lars Lefdal (fødd 17. mars 1939 i Lefdal, Nordfjord) er tidlegare vegsjef og Høgre-politikar i Sogn og Fjordane, busett på Hermansverk i Sogn. Lefdal tok eksamen som sivilingeniør ved NTH i 1962, og arbeidde som vedlikehaldssjef hjå Statens Vegvesen frå 1966 til 1977. Han var ordførar i Leikanger kommune frå 1976 og fram til han vart vald inn på Stortinget hausten 1977. På Stortinget var Lefdal nestleiar i samferdslekomitéen. Han var vegsjef i Sogn og Fjordane frå 1989 til 2003. | 2022-12-05T15:19:35 | https://nn.m.wikipedia.org/wiki/Lars_Lefdal | OSCAR-2301 |
For tida skriv eg ei bok med mykje sitat frå aviser. Er det nok at eg kursiverer den teksta som er sitat, eller må eg ha sitatteikn i tillegg? | 2022-12-04T11:11:02 | https://www.sprakradet.no/svardatabase/etiketter/kursivering/ | OSCAR-2301 |
Du kan sjå og høyre via kommunen si facebookside - OBS! Du kan sjå sendinga via Facebook sjølv om du ikkje har eigen konto eller er innlogga. | 2022-12-03T18:53:07 | https://www.seljord.kommune.no/kommunestyremoete-1012-20.6352952-480104.html?printable=1 | OSCAR-2301 |
Difor planlegg vi å lage eit kollektivfelt på nordsida av E136 frå påkøyringsrampa i Volsdalen og nesten heilt inn til sentrum. Arbeidet er under planlegging og enno ikkje ferdig utgreidd. | 2022-12-02T09:56:18 | https://www.bypakkealesund.no/prosjekt/kollektiv/kollektiv-sentrum-volsdalen/ | OSCAR-2301 |
I mange norskspråklege dokument som gjeld det nordiske samarbeidet, nyttar ein skrivemåtane «Nordisk Råd» og «Nordisk Ministerråd», altså med stor forbokstav òg i «Råd» og «Ministerråd». Men er ikkje det gale? | 2022-12-04T11:35:00 | https://www.sprakradet.no/svardatabase/etiketter/offentlige-institusjoner-/ | OSCAR-2301 |
Onsdagens SkOlsen Tour vart flytta frå onsdag til laurdag på grunn av Sparebank 1 Søre Sunnmøre Invitational. Det ville vere feil å ikkje kommentere veret også denne gongen. Det skulle vere fint ver i følge meldingane, men "tradisjonen tru" så klarte ikkje vatnet frå oven å halde seg vekk. Men til trass for veret så var det veldig mykje godt spel. Simon Sjøkvist gjekk si første turnering og gjekk på heile -5 i grøntkortklassa. Leon Myrvåg gjekk også på -5 og tok sigeren med tre slag føre andreplassen. Det var fire stykker som gjekk på -2, men med lågast handicap var Ole Magnus som tok andreplassen og deretter Jan Egil Gretland. Dei to som også gjekk på -2 og ikkje kom på pallen var Harald Indresøvde og Svein Aasen. | 2022-12-07T10:50:13 | https://www.voldagolf.no/index.php?option=com_content&view=article&id=463:skolsen-tour-9-2022&catid=2 | OSCAR-2301 |
No er det ikkje lenge att til skulestart og mykje er no på plass. Utallige dugnadstimar har gitt resultat. | 2022-11-30T16:31:54 | https://tresfjordenspire.no/2022/08/21/skulen-blir-til/?amp=1 | OSCAR-2301 |
Skigruppa startar opp årets sesong måndag 05.09. Alle frå 3. klasse kan delta med unntak av torsdagar, då er det kun for dei som ikkje har tilbod om barneidrett. | 2022-12-05T13:56:59 | https://aatil.no/2016/08/30/skigruppa-sesongstart-barmarkstrening/ | OSCAR-2301 |
Sjå dei fantastiske bilda frå karen som har eigd fleire titals bilar opp gjennom åra – og då aller helst Saab-ar. | 2022-12-03T18:21:33 | https://www.strilen.no/kultur/i/JQxvkm/finn-magnus-har-hatt-38-saab-ar-ein-av-dei-har-ei-spesiell-historie | OSCAR-2301 |
Utvalde fakta er interessante fakta plukka ut frå artiklane på Nynorsk Wikipedia, sjekka og lagt inn i ein mal. Dei byggjer på Visste du at-arkivet, som henta fakta frå nye artiklar. | 2022-11-29T04:30:20 | http://nn.wikidark.org/wiki/Wikipedia:Utvalde_fakta | OSCAR-2301 |
Dersom du ikkje har eit framandspråk frå ungdomsskulen(t.d. tysk, fransk, spansk), må du ha framandspråk nivå I + II på Vg3, og du kan ikkje velja programfag i 3. klasse. | 2022-11-29T03:32:49 | https://framnes.vgs.no/sok-elevplass/sok-skuleplass/idrettsfag/idrettsfag-vg3/ | OSCAR-2301 |
Her får du smått og stort frå kulturlivet i distriktet. Skjer det noko der du er? Ring oss på 47 47 18 83 eller [email protected] | 2022-12-03T20:20:59 | https://www.avisa-hordaland.no/smatt-og-stort-fra-kulturlivet/s/5-132-432326?p=lc-4553843-26082-avisahordaland | OSCAR-2301 |
Nisse er eit vesen frå nordisk folketru. Nissane har beskytta gardar og heimar mot at bøndene sette ut mat til dei. Svært få trur på nissar i dag. På svensk kallar ein dei tomtar. | 2022-11-27T02:38:51 | https://nn.m.wikipedia.org/wiki/Nisse | OSCAR-2301 |