text
stringlengths 0
19.4k
| timestamp
timestamp[ms] | url
stringlengths 0
2.09k
| source
stringclasses 4
values |
---|---|---|---|
Dette skriv seg som oftast frå at ei forelda historikklenkje vart fylgd til ei side som er sletta. Detaljar kan ein finna i sletteloggen. | 2022-12-01T03:09:04 | https://wiki.app.uib.no/sawiki/index.php?title=UAWiki:Brukarportal&oldid=8865 | OSCAR-2301 |
Tora Mostrastong (Thora Mostaff) vert omtalt av Snorre. Ho høyrde til ei av dei gjævaste ættene på Vestlandet i vikingtida, Horda-Kåre-ætta frå Moster. Såleis var ho i slekt med både Ramna-Floke, den lovkunnige Torleiv Spake og Erling Skjalgsson frå Sola.
Tora tyder ”den kjempesterke”, og Tora var ei staut og svært vakker kvinne. Tilnamnet ”Mostrastong” fekk ho truleg av di ho var høgreist og stolt.
Harald Hårfagre var konge i Noreg ca. 872-933. På Moster møtte han Tora som tidleg kom i kongen si teneste. Sjølv om ho var rekna som tenestejente, var Tora alltid medviten om kva ætt ho kom frå.
Då Harald Hårfagre var rundt 70 år gamal, fekk han og Tora ein son. Tora visste å krevja sin rett og reiste til kongsgarden på Seim då tida for fødselen nærma seg. Guten vart fødd på vegen dit (på Håkons-hella), og Sigurd Jarl auste vatn over han og gav han namnet Håkon etter sin eigen far, Håkon Ladejarl. Tora hadde stor omsorg for kongsemnet Håkon. Som 10 åring vart han send til kong Adelstein i England for å bli oppfostra der. Dette gav han tilnamnet Adelsteinsfostre. Han var under 20 år då han kom attende til Noreg og tok over kongemakta frå bror sin Eirik med tilnamnet ”Blodøks”. Håkon styrte landet til han døydde etter slaget på Fitjar i 961. Han var ein kunnskapsrik og stort sett folkekjær konge som fekk tilnamnet ”Den gode”.
Håkon den Gode vert rekna for grunnleggjar av leidangen – eit forsvarssystem for landet. Han gav Gulatinget ny kraft og styrkte samlingsverket som far hans hadde utført. Han starta og kristningsverket i Noreg. Tora var trufast ved sonen si side og fullførte ”kallet” som kongsmor. | 2022-12-02T08:56:21 | http://www.toramostrastong.no/?page_id=15 | OSCAR-2301 |
Kvar dag klokka 11.00 går NRK Vestland direkte frå ein ny stad i fylket. Fredag vart reportarane guida gjennom Leikanger av leiaren av Systrond sogelag, Knut Henning Grepstad. Sjå innlegget i nettsaka på NRK.no/vestland. | 2022-11-30T03:22:59 | https://www.systrondsogelag.no/guida-tur-og-historietime-med-nrk/ | OSCAR-2301 |
Her kan du finne ulike bilete frå klubben vart skipa i 1979 og framover. Alt frå løp, sosiale turar, henting av restaureringsobjekt, kjende og ukjende køyretøy, og andre ting og situasjonar klubben sine medlemer har fotografert opp gjennom åra. | 2022-12-02T20:52:36 | https://www.smieposten.no/historiske-bilete/ | OSCAR-2301 |
Hajla (albansk Hajlë eller Hajla, serbisk Хајла) er eit fjell mellom Kosovo, Serbia og Montenegro. Det har fleire toppar på over 2000 meter over havet. Det høgaste er på 2403 moh og sjølve toppen heiter òg Hajla. På nordsida av fjellet har elva Ibar kjelda si, og frå sørsida renn elva Pećka Bistrica. Hajla er òg det høgaste fjellet i den nordlege delen av Prokletije. I Kosovo dannar Hajla ein del av den 25 km lange Rugovakløfta. Den næraste byen er Peć i Kosovo. | 2022-12-04T02:38:50 | https://nn.m.wikipedia.org/wiki/Hajla | OSCAR-2301 |
Politisjefen ber kvar enkelt følgje retningslinjene som er gitt, men politiet kjem ikkje til å jakta på regelbrytarar. | 2022-12-03T12:01:51 | https://www.sognavis.no/dette-gjer-politiet-om-du-bryt-korona-reglane-pa-17-mai/s/5-115-421729 | OSCAR-2301 |
Mykje folk var samla i Uskedal kyrkje laurdag kveld då Singing Tweens inviterte til familiekonsert med Bjarte Leithaug og born frå sundagsskulane Uskedalen, Husnes og Rosendal. | 2022-12-02T20:42:21 | https://www.kvinnheringen.no/songglede-rytme-og-hog-allsongfaktor/s/5-27-323616 | OSCAR-2301 |
Nynorskbok.no er eit tilbod frå Nynorsksenteret. Her finn du omtalar av nye barne- og ungdomsbøker på nynorsk, sorterte etter aldersgruppe. | 2022-12-01T07:44:08 | https://nynorskbok.no/category/ungdom+dikt/ | OSCAR-2301 |
Dette skriv seg som oftast frå at ein har fylgt ei forelda versjonslenkje til ei side som er sletta. Detaljar kan ein finna i sletteloggen. | 2022-12-01T16:13:42 | https://wiki.app.uib.no/uawiki/index.php?title=UAWiki:Brukarportal&diff=8877&oldid=8865 | OSCAR-2301 |
Her finn du ein video som viser korleis du festar den ferdigsydde halskluten til mannsbunader frå Hallingdal. | 2022-12-06T08:18:08 | http://www.bunadshandel.no/no/videoar1/mannsbunadhalsklut/ | OSCAR-2301 |
Bergen ungdomslag Ervingen ynskjer velkommen til kulturkafé i Gimle, 7. november kl. 18.00 – 21.00, med mat, musikk og dans frå ulike land. Det vert felles matbord: Det er fint om alle tek med mat til eit felles matbord – gjerne noko frå sitt eige heimland. Ungdomsringen i BulE viser og lærer vekk norske dansar. Vidare […] | 2022-11-28T01:10:28 | http://bergen.ungdomslag.no/tag/mat/ | OSCAR-2301 |
Fontenais er ein kommune i distriktet Porrentruy i kantonen Jura i Sveits. Kommunen har 1 251 innbyggjarar (2010) og eit areal på 10 km². Kommunesenteret ligg 458 meter over havet. | 2022-12-08T16:06:14 | https://mapio.net/wiki/Q68780-nn/ | OSCAR-2301 |
Gjevarteneste er ei gåve både til den einskilde og til kyrkjelyden. Du får vere med å gje attende til Guds rike av alt det han har gjeve oss. | 2022-12-04T19:09:14 | https://orsta.frikyrkja.no/gi-ei-gaave/gikyrkja | OSCAR-2301 |
I Dokken museum på Bakarøy finn du ein liten bydel frå Haugesund sin barndom. Her kan du sjå og oppleve bymiljø frå sildetida mellom 1850 0g 1950. Bli med på omvisning i sjøhuset, salteriet, bolighusa, kolonialen og bedehuset. | 2022-12-05T21:37:56 | https://haugalandmuseet.no/arrangement/dokken-opnar-i-dag/ | OSCAR-2301 |
Hjorten likar seg best der den får vere i fred. Då veks han seg stor og fin, og har gode dagar i skogen.
Å jakte i Frønningen i Sogn er å jakte i eit område der hjorten verkeleg har fått vere i fred. Det går ikkje veg inn dit, og ferja kjem berre eit par gongar i veka. Før var dette ein stad med stor skogbruksindustri, og det ligg eit stort herskapshus nederst ved fjorden. Men no er dette først og fremst hjorten sitt rike. Dei 6 fastbuande er heilt klart i mindretal.
Jaktveka i Frønningen er difor eit av haustens store høgdepunkt. Her vert det spennande posting, artige jag og sannsynlegvis mange felte dyr. I tillegg til hjortejakta, er dette eit flott område for å jakte storfugl, så det vert varierte dagar.
Om du har lyst til å sjå video frå området anbefaler vi denne filmen frå jaktogfiske .Og at du søker etter Kristoffer Klausen på YouTube, som har laga mange av sine flotte jaktfilmar nettopp i Frønningen. | 2022-12-02T16:26:44 | https://friluftslivskulen.no/magasin/fronningen/ | OSCAR-2301 |
«Vi likar å seie at historia vår startar med trevirket, heilt frå si spede spire i skogen. Den held fram ved at menneska sit i, tek på , kviler i eller nyt eit måltid ved eit ferdig møbel. Ei historie som i begge endar er tidlaus.» | 2022-11-29T21:47:38 | https://www.mobelhuset-jessheim.no/leverandorer/tonning-stryn/ | OSCAR-2301 |
Markmus, Microtus agrestis, er eit pattedyr i hamsterfamilien. Markmusa lever i Eurasia, frå Portugal, Storbritannia og Noreg i vest, aust til Bajkalsjøen.[1] | 2022-12-06T08:15:43 | https://nn.m.wikipedia.org/wiki/Markmus | OSCAR-2301 |
© 2021 HILDE HAUGE - Alle bileta på nettsida er beskytta av lov og opphavsrett. Bileta får ikkje kopieras utan samtykke. | 2022-11-27T05:13:18 | https://www.feienogfjongfoto.no/gravid | OSCAR-2301 |
Springar, reinlender, halling eller polka – me veit ikkje kva for nokre sprell instruktørane har tenkt å læra frå seg denne gongen, men det blir garantert smil og høg trivselsfaktor! | 2022-12-08T02:42:20 | https://ryfylkemuseet.no/folkedans-for-dummies/ | OSCAR-2301 |
Er du ikkje sikker på kva for eit fag eg skal ha den dagen? Det er eg. Det er Programmering i Java. Eg treng heldigvis ikkje kode på papir. Eksamen blir heldt på datamaskin, og det er eg glad for. | 2022-12-09T09:42:07 | https://bjornar.eu/2010/05/20/siste-eksamen/ | OSCAR-2301 |
Laurdag 21. og sundag 22. januar inviterer Symfoniorkesteret ved Høgskulen i Volda og dirigent Øyvind Johan Eiksund til nyttårskonsert i Berte Kanutte-huset. Med seg på konserten har orkesteret sopran Karen Rosenberg Olsen og tenor Lars Ivar Nordal. Konsertane tek til kl. 18:00 båe dagane.
Det er eit feststemt og iøyrefallande repertoar orkesteret vil presentere denne helga. Frå den lettbeinte Offenbach går vegen til valsekongen Strauss, og vi får mellom anna høyre den kjende valsekavalkaden «Rosen aus dem Süden». Ein annan Strauss-slager, som også er kjend frå nyttårskonserten i Wien er «Radetzky-marsj». Etter ein snartur innom Russland og den smektande Lenskis arie frå «Eugene Onegin», går vegen til Franz Lehars «Den glade enke». Frå denne operetta får vi høyre den kjende Vilja-lied og Lippen Schweigen.
Det store løftet denne nyttårskonserten er den erkebritiske marsj i D-dur frå Edward Elgars «Pomp and Circumstance». Dette er eit stort verk som stiller store krav til både storleik og dugleik til orkesteret, og som er udødeleggjort gjennom BBCs «Last Night of the Proms». | 2022-12-10T03:11:15 | http://www.orkesteret.no/nyttaringrskonsert.html | OSCAR-2301 |
eFormidling gjer det mogleg å kommunisere på ein enkel måte, utan å måtte ta omsyn til om mottakaren er ei privat verksemd, offentleg verksemd eller innbyggjar. | 2022-11-30T17:42:10 | https://www.digdir.no/digitalisering-og-samordning/bruk-eformidling-forenkle-meldingsutveksling/3116 | OSCAR-2301 |
Mountainview Ridge er ein slak, isdekt rygg som dannar søraustenden av Sentinel Range i Ellsworth Mountains i Antarktis. Han fekk dette namnet av geolog-gruppa frå University of Minnesota i 1963-64, fordi ein har eit flott utsyn over dei høge toppane i Sentinel Range frå ryggen. | 2022-12-04T22:18:17 | https://mapio.net/wiki/Q6925735-nn/ | OSCAR-2301 |
Britt Elena Wollan frå Trøndelag vart kåra til Årets Avløysar 2022. Britt Elena vart heidra under festmiddagen på årets Haustsamling. Vi gratulerer og takkar samtidig ho og alle våre gode avløysarar for den fantastiske jobben dei gjer for den norske bonden. | 2022-11-28T07:58:36 | https://www.landbrukstjenester-mt.no/15973-2/ | OSCAR-2301 |
Oi, me er på verdsveven! Frå før har det vore mogleg å lesa Motmæle på Målungdom-heimesida som pdf, men det er ikkje alltid like lesar- eller SoMe-vennleg. Me har derfor laga motmæle.no, og her vil me dela enkelte tekstar frå Motmæle med allmenta. God lesing! | 2022-11-27T03:12:51 | https://xn--motmle-sua.no/?p=24 | OSCAR-2301 |
Du må velje minst 2 fag frå det programområdet du vel. Dei faga må du ha i både andre og tredje klasse. Totalt 20 veketimar. Dei siste 10 timane kan du velje frå andre programområde. Her kan du òg velje følgjande fag frå studieretning for idrettsfag: Toppidrett fotball, toppidrett volleyball eller friluftsliv.
Dersom du ikkje har eit framandspråk frå ungdomsskulen(t.d. tysk, fransk, spansk), må du ha framandspråk nivå I + II på Vg3. | 2022-11-29T04:46:10 | https://framnes.vgs.no/sok-elevplass/sok-skuleplass/studiespesialiserande/studiespesialiserande-vg3/ | OSCAR-2301 |
I kommunestyret måndag tok dei folkevalde i Eidfjord stilling til ein søknad om salsløyve frå ei av verksemdene i kommunen. | 2022-12-04T16:35:19 | https://www.hardanger-folkeblad.no/far-utvida-sortimentet-sitt-med-alkohol/s/5-22-451303 | OSCAR-2301 |
Årets (opent nordisk) stemne var ikkje av dei største, med kun 60 utøvarar frå Norge, Sverige, Finland, Danmark og ein frå Romania. Dette kan ha ein samanheng med at det vart arrangert VM 2 veker tidligare, og Handicap VM veka etter. | 2022-12-06T10:18:22 | https://jolsterhandbak.no/nordic-open-2014/ | OSCAR-2301 |
Har du ein draum om å bygge nytt hus? I Høyanger kommune får du no 200 000 i tilskot frå kommunen ved ferdigstilling av nytt hus. Tilskotet gjeld pr tomteeining i heile kommunen. I Ikjefjorden er det for tida eitt nytt hus under bygging. Kanskje blir det fleire? | 2022-12-10T01:27:44 | http://ikjefjord.no/bygge-hus-hos-oss-far-du-200-000-kr/ | OSCAR-2301 |
Ribolla blir omtalt som ei italiensk drue – men truleg kom ho gjennom Slovenia frå Hellas. Ikkje særleg kjend i dag, men desto meir berømt og berykta gjennom historia. Giovanni Boccaccio (han med Decameronen) rekna vinar med ribolla som ei av syndane i fråtse-kategorien, medan Leopold III krevde 100 urner med ribolla-vin i året frå Trieste, og drua vart rekna for å laga den finaste kvite vinen i Friuli. Så kom phylloxera og øydela alt – ved gjenplantinga satsa ein heller på importerte druer som merlot og sauvignon blanc heller enn lokale slag. I kveld lar vi Venezia halda på med sitt og klatrer opp i åsane over grensa til Slovenia. | 2022-12-02T23:25:32 | https://www.nattverden.com/tag/pinot-grigio/ | OSCAR-2301 |
Eli Kari Gjengedal (49) hadde ingen problem med å isolera seg frå omverda. Ein beskjed frå sonen gjorde at ho orka å vera på Farmen. | 2022-12-02T23:57:29 | https://www.sognavis.no/det-var-fantastisk/s/5-115-459424 | OSCAR-2301 |
I februar gav Kvinnherad kommune dispensasjon til bygging av eit naust på to etasjar på Valen. Dette klaga Fylkesmannen på 28. februar, då det er i strid med reguleringsplanen fordi det kan opna for bruk av naustet som fritidsbustad. 02. mai blei klagen handsama av forvaltningskomiteen i kommunen, der dei ikkje tok klagen frå Fylkesmannen til følgje. No har fylkesmannen bede om at det blir oppnemnt ein setjefylkesmann for handsaming av klagen. | 2022-12-08T07:23:22 | https://www.kvinnheringen.no/nyhende/fylkesmannen/kvinnherad-kommune/fylkesmannen-klagar-pa-kommunen/s/5-27-87293 | OSCAR-2301 |
– Bilistane berre køyrer på, og er ikkje klar over kor farleg det er. Eg har sjølv kjefta på folk som nesten har køyrd rett på meg, fortel Sandra Kvalvaag Knudsen.
Ho seier ho sjølv har vore i fleire nestenulykker på sin veg frå Kystbygarasjen til arbeidsplassen. Då må ho over to overgangsfelt i krysset frå Arefjordvegen til Lonavegen. Ho fortel at ho tre gonger har sendt skriftleg varsel til politiet etter hendingar i krysset. | 2022-12-10T02:53:52 | https://www.vestnytt.no/nyheter/i/1OxWgX/krev-endringar-foer-det-skjer-ei-ny-ulykke | OSCAR-2301 |
OldPlay er eit danseband som spelar songar og låtar som er "på grensa til allsong". Dansbare og flotte låtar. | 2022-11-29T04:25:23 | https://www.oldplay.no/kontakt/attachment/kontakt/ | OSCAR-2301 |
"Vi kjenner oss ikkje att i denne framstillinga, og er usikker på om ein tenker på kva dette har å seia for landbrukstenestene si framtid" | 2022-11-28T18:06:55 | https://www.landbrukstenester.no/events/event/arsmote-4/ | OSCAR-2301 |
Preludium (tyder forspel) og er eit kort musikkstykke og forma kan variere frå stykke til stykke.[1][2] I barokken vart til dømes eit preludium nytta som innleiinga til eit verk som vanlegvis var langt og komplekst, men i romantikken vart det òg nytta som musikkstykke aleine. Det består generelt av nokre få rytmiske og melodiske tema som går igjen gjennom stykket. Stilmessig er preludia ofte imporiviserande. Preludium kan òg vise til ein ouverture, særleg i samband med ein opera eller eit oratorium. | 2022-12-07T12:37:27 | https://nn.m.wikipedia.org/wiki/Preludium | OSCAR-2301 |
I Arnafjorden ligg det ein høgdegard som heiter Bungane. Den er absolutt verdt eit besøk. Stien er merka i fylkesvegen der den startar. Får du skyss kan du gå ifrå Arnafjorden via Bungane til Vik Fjellandsby. | 2022-11-29T22:30:12 | https://vikfjellandsby.no/hogdegarden-bungane/ | OSCAR-2301 |
PROPPFULL leirplass, så mykje snø at det vart lagt inn ein avbestilling på meir og mykje våte kle. Kjell Eivind delte historier frå Bibelen på engasjerande måtar, WinterGames-ilden vart tent, og skiutstyret testa både i skibakken og i det flotte området rundt leirplassen. | 2022-11-29T10:15:49 | https://imfung-sunnmore.no/bilder-fra-winter-games-2013/ | OSCAR-2301 |
Lars Osa vart fødd i Ulvik, men flytta som femåring til grenda Osa, der faren skaffa seg småbruk. Her voks Lars Osa opp. Han hadde dugande evner til å spela hardingfele, men då han var på reis til Nordfjord som tjueåring i 1880 og møtte målarane Axel Ender og Nils Bergslien, bestemte han seg for at det var målarkunsten han ville satsa på. I 1881 fekk han måleundervisning av Bergslien i Eidfjord, og vart elev på teikneskulen i Kristiania same året. Frå 1882 til 1886 fekk han utdanning både frå Kunstakademiet i København og målarskulen til P.S. Krøyer.
ArbeidEndra
Frå 1886 budde og jobba han i Kristiania, og måla gjerne motiv av folkemusikk, men var òg inspirert av dei sosiale tendensmåleria frå 1880-talet. Etter to reiser til Paris på 1890-talet, reiste han til Valle i Setesdalen. Her trefte han henne som skulle bli kona hans, barnebokforfattaren Hermine Bernhoft. På grunn av ein strid rundt at Osa hadde fått tildelt Statens reisestipend, flytte Osa frå hovudstaden til Kristiansand, men oppheldt seg i Valle om somrane. Han måla òg mykje frå folkelivet i Setesdal, samt landskapsbilete, interiørbilete og portrett, m.a. av Ivar Aasen og Ola Mosafinn. Vidare utsmykka han kyrkjer, t.d. Haram kyrkje, Granvin kyrkje og Ulvik kyrkje. Han dreiv òg med restaureringsarbeid av fleire mellomalderkyrkjer.
I 1903 flytte Osa vidare til Valle, og i 1917 slo han seg ned på Voss. Med dette meldte han seg ut av kunstlivet i hovudstaden, og måleria hans har stort sett ikkje vorte kjøpt inn av kunstsamlingar i Oslo. Eit unntak er måleriet Tjenestepiken som Nasjonalgalleriet eig. I Bergen, Kristiansand og Haugesund derimot har bileta hans vorte kjøpt inn og sett pris på.
Den livlege sjølvbiografien hans, Med pensel og feleboge, kom ut i 1954. Ei minnestøtte over han vart avduka i 1967 i Ulvik. Lars Osa var far til felespelaren Sigbjørn Bernhoft Osa og journalisten Theodor Bernhoft Osa. | 2022-12-01T00:26:20 | https://nn.m.wikipedia.org/wiki/Lars_Osa | OSCAR-2301 |
Ola Olson Gåssand (f. 1822) vart gift til Tveit i 1843. Då stod bygningane på dei to bruka i lag i fellestunet på ytre Tveit. I 1858 vart det halde utskiftingsforretning, der jorda vart delt i nye teigar mellom dei to bruka, og bygningane på det eine bruket vart flytt til indre Tveit. Jordskifteleiaren har i utskiftingsprotollen skrive inn følgjande: «Oles Stue og Bod skal flyttes til ny Tomt inde ved Hatlene». Og her vart stova ståande i over 150 år, til 2009, då bygningen vart teken ned og flytt til Lyngheim.
I tunet på ytre Tveit vart det ståande att husmurar etter den stova som vart flytt ut, og då målar og rosemålar Annanias Midthus kjøpte dette bruket i 1872 og tok namnet Tveit, fekk han tak i to eldre stover som han sette på desse grunnane og brukte som rosemålarverkstad for læregutar i handverket gjennom mange år.
Det huset som vart flytt frå tunet til ny tomt på indre Tveit i 1858, var ei røykstove samanbygd med ei bu med lem over, med ei stavbygd skykkje i gavlen av stova og eit eldhus mellom stova og bua. Då var det ulik mønehøgd mellom stova og bua. I 1899 vart huset ombygt. Taket vart teke av røykstova, som hadde vore open til mønet med ljore i taket, og det vart lagt på eit par omfar med tømmer og lagt lem over stova, som då vart til ei lemstove, med eit langt tak lagt over heile huset. Den stavbygde skykkja i gavlen av stova fekk skukk med inngang frå den nye stovelemmen, som vart soveplass for husets folk, medan skukken vart verkstad. På bualemmen var det høgare under taket – her var det sengeplass for gjester – fordi bua er litt lågare, og litt smalare, med plass til ei langsval på sida. I 1899 var det grue med pipe i eldhuset, og det var sett inn jernomn som erstatta den gamle røykomnen i stova. Det vart også murt pipe og sett inn omn i bua.
Og slik er bygningen i dag. Eldhuset, som på 1900-talet vart avdelt som kjøken med gang, er ført tilbake til 1899, med hellegolv og grue, og det har fått ny innreiing etter eldre førebilete, men med moderne standard. Det er sett inn eit toalett i enden av langsvala ved sida av bua, og i den stavbygde skykkja mot aust, der stavane vart skøytte på då stova vart høgare.
Det er mellomalderens form og plan vi ser i denne lange lemstova: Skykkje, stove, eldhus og bu med langsval, alt under eitt tak.Lemstov | 2022-12-08T00:22:39 | https://tunetlyngheim.com/lemstova-fra-bruk-1-pa-tveit-i-hegglandsdalen/ | OSCAR-2301 |
Ein liten sorteringsdugnad i eigen kjellar blottla uventa ei flaske Wechsler frå 2012 – antakeleg eit tips frå Gunnar Skoglund då han hadde Husets Vin-bloggen sin. | 2022-12-03T00:03:00 | https://www.nattverden.com/tag/matthias-bossi/ | OSCAR-2301 |
I ei elles litt stille tid inviterer vi til kveldsstevne på Byrkjelo etter same mal som i fjor. Då fekk vi eit kjempefelt på 1500m. Håpar på det same i år. Velkomne ! | 2022-11-28T17:58:33 | https://www.gloppenfil.no/blog/post/111370/sommarstevne-pa-byrkjelo-torsdag-13-juli-kl-1800 | OSCAR-2301 |
Ein smøreost som gjer deg følelsen av eit godt måltid etter ein fjelltur, når ein er tilbake foran omnen på hytta. | 2022-11-28T18:36:38 | https://www.kavli.no/lag-din-kavlifavoritt/ideer-vinter-2020/hyttekos-paa-tube | OSCAR-2301 |
Tidlegare bladfyk i Kvinnheringen, Aasmund Taarn Sande, skriv laust og fast frå livet i Handelandssekjo annankvar fredag. | 2022-12-06T11:49:13 | https://www.kvinnheringen.no/aasmund-pa-ein-fredag/s/5-27-326973 | OSCAR-2301 |
Byen vart underlagt biskopen av Speyer 1371–1718, ein av desse var Philipp Christoph von Sötern (biskop frå 1610 til 1652), som byen er kalla opp etter.
Gjennom historia har Tyskland og Frankrike kjempa om byen. Tidlegare var det ei festning her, som vart omleira under den polske arvefølgjekrigen. | 2022-11-29T11:13:51 | https://nn.m.wikipedia.org/wiki/Philippsburg | OSCAR-2301 |
Innst i Bjørnafjorden ligg den idylliske kystperla Strandvik. Ei levande bygd med eit mangfald av aktivitetar, attraksjonar og kultur. Leik deg i sandvolleyballbanar i verdsklasse, nyt ein konsert i kyrkja, slapp av i bygdeparken, nyt utsikten frå ein fjelltopp eller ta ein forfriskande dukkert i fjorden. Opplev god mat og drikke akkompagnert av fenomenal utsikt frå den lokale restauranten! | 2022-11-27T14:31:05 | https://strandvikjo.no/ | OSCAR-2301 |
Tingretten, Sogn og Fjordane | Retten var ikkje i tvil om at kvinna sov då ho vart utsett for seksuelle overgrep | 2022-11-29T11:19:28 | https://www.sognavis.no/retten-var-ikkje-i-tvil-om-at-kvinna-sov-da-ho-vart-utsett-for-seksuelle-overgrep/s/5-115-766615 | OSCAR-2301 |
Ikkje før har eg lært at det beste er å drikka rett frå Jura, så syner det seg at det finns eit anna alpint vindistrikt med druer ingen har høyrd om. Skjerpings, Frankrike… | 2022-12-04T04:26:54 | https://www.nattverden.com/tag/la-belle-romaine/ | OSCAR-2301 |
Ein slags blogg. Var hyppig brukt for mange år sidan. Nå skjer det ikkje mykje her, men kan hende det kjem nye dyrajaktskrøner ein gang. | 2022-11-28T14:42:09 | http://hansmagne.com/ski/snonuten-open/resultater-2012/ | OSCAR-2301 |
Lytteposten er LitFestBergens gratistilbod til deg som treng ein pause frå festivalprogrammet – men som ikkje har lyst til å ta den. Finn deg ein plass, len deg tilbake og lytt til to av festivalens arabiskskrivande forfattarar lese frå bøkene sine i engelsk omsetting. | 2022-12-03T07:07:50 | https://www.litfestbergen.no/litfestbergen-2020/program/lytteposten-arabisk-litteratur/ | OSCAR-2301 |
Cappelenprisen vart fyrste gong delt ut i samband med forlaget sitt 150-års jubileum i 1979, og fekk ny drakt med fleire klassar ved 175-års jubileet i 2004. Prisen vert tildet ein av forlaget sine forfattarar eller andre medarbeidarar for særleg verdfull innsats. Ein deler ut prisen etter innstilling frå forlaget sin administrasjon. Prisen har ikkje vore delt ut sidan 2006. | 2022-12-02T00:43:28 | https://nn.m.wikipedia.org/wiki/Cappelenprisen | OSCAR-2301 |
Gjekk frå Brandal mandag 14. mars. – Gjekk ut frå Harøysundet tyrsdag morgon kl.7. – Kurs N.t.V. – SV kuling fyrste døgret, deretter ostleg kuling som minka til bris. – Heldt lag med “Polaric” og “Fangstmand”. – Fekk is laurdag morgon. Heldt fram og gjekk inn gjennom isen, som var svært oppreven. | 2022-11-29T07:32:02 | https://www.ishavsmuseet.no/tag/vesterisen/ | OSCAR-2301 |
Bykle er ein tettstad og administrasjonssenter i Bykle kommune. Staden kallast óg Bykle kyrkjebygd eller berre Kyrkjebygdi etter Bykle gamle kyrkje som har stått i sentrum av bygda sidan 1600-talet. I 2004 tok Bykle kyrkje rett ved sida av gamlekyrkja over som soknekyrkje for Bykle sokn. Det er noko over 200 innbyggjarar i tettstaden (2012).
Stadnamnet kjem frå garden Byklum, som i sin tur har det frå vatnet Bykil. Tydinga er ikkje heilt liketil, og er drøfta nærare i artikkelen om garden.
Bygda ligg på delar av eigedomane til tre matrikkelgardar: Den allereie nemnde Byklum, Mosdøl og Gjerden. | 2022-12-04T16:16:23 | https://dev.lokalhistoriewiki.no/wiki/Bykle | OSCAR-2301 |
Lungebetennelse, eller pneumoni som det heiter på fagspråket, er ein infeksjon i sjølve lungevevet. Mange av dei vanlege bakteriane som kan gi lungebetennelse sit ofte i nase og svelg frå før. Virus gir svært sjeldan lungebetennelse. Lungebetennelse er meir vanleg hjå born og eldre, og hjå dei som har lunge- eller hjartesjukdom frå før. | 2022-12-04T06:36:33 | https://nn.m.wikipedia.org/wiki/Lungebetennelse | OSCAR-2301 |
Vi har samlet oppskriftane på dei kreative dessertane fra dei ulike skulane i denne boka, samt oppskrift på gullmenyen frå Skjåk. | 2022-11-30T03:54:04 | https://www.kokkekamp.net/2014 | OSCAR-2301 |
Med si sjarmerande dialekt formidlar ho kvardagslege tekstar i et organisk og fengjande lydbilete. Eit friskt pust på den norske popmusikk-scena og ein artist me kjem til å høyre mykje frå i framtida – og som kjem til å passe perfekt inn på Bygalarmplenen 2022! | 2022-11-27T12:18:18 | https://www.bygdalarm.no/nyhende/synne-vo-spelar-for-dykk-laurdagen | OSCAR-2301 |
Storarta blåbærår kjem av godt sexliv med hjelp frå vibrerande gjester. Katastrofeår skuldast frostskadar og klimatrøbbel. | 2022-12-03T08:14:16 | https://blogg.forskning.no/tag/naturvitenskap | OSCAR-2301 |
Informasjon frå UDI om krisa i Ukraina - Nyttig informasjon for deg som kjenner nokon som er på veg til Norge | 2022-11-27T05:40:59 | https://www.stranda.kommune.no/tenester/teknisk-brann-og-beredskap/beredskap/varslingsliste-i-krise-og-beredskapssituasjonar-stranda-kommune.11510.aspx | OSCAR-2301 |
Samarbeidsrådet Sunnhordland og Visit Hardangerfjorden får til saman 1,15 millionar frå Vestland fylkeskommune sitt rekneskapsoverskot frå 2019 for å dempa verknaden av koronapandemien. | 2022-12-06T11:10:43 | https://www.kvinnheringen.no/gir-1-15-millionar-av-overskotsmidlar-til-lokalt-reiseliv/s/5-27-269930 | OSCAR-2301 |
Formannskapsdelegasjonen kjende seg nok ille til mote der dei stod og venta på ein buss som skulle ta dei heimatt, frå eit Oslo-opphald som ikkje gjekk heilt etter planen. | 2022-12-09T09:39:01 | https://www.kvinnheringen.no/her-ser-du-formannskapet-pa-retur-fra-oslo/s/5-27-191428 | OSCAR-2301 |
Urnes verdsarvsenter kom eit steg nærare realisering då kommunestyret i Luster løyvde 700.000 kroner til delfinansiering av ein arkitektkonkurranse for senteret. | 2022-12-06T13:44:50 | https://www.sognavis.no/nytt-senter-eit-steg-narare-loysing-no-blir-det-arkitektkonkurranse/s/5-115-645535 | OSCAR-2301 |
Me lagar all mat i frå botn av, på vårt eiga kjøkken. Råvarene er så langt me klarer å få tak i kortreiste, gjerne heimeavla, økologiske og frå produsentar me kjenner. Hovudrettane er mykje basert på eiga vilt og sjølvfiska aure frå Breivatn. Me freistar å halde på tradisjonen frå Gome med “god, kraftig bondekost”, gjerne av oppskrifter henta frå kokeboka hennar.
Me prøvar også å fylgje årstidene med råvarene, og kombinasjonane kan difor variere noko gjennom året. | 2022-12-09T08:19:41 | http://bjaen.no/mat-og-drikke/ | OSCAR-2301 |
Nord-Europas høgaste bartender inviterer til ein smaking av nokon av hans favorittar frå Amerika. Det vert ein tung og eksklusiv blanding av mørke øl og sure øl. | 2022-11-29T11:36:42 | https://www.mellombelsolstove.no/arrangement/amerikansk-blanding-med-hesten-106/ | OSCAR-2301 |
Det var ikkje gitt at det skulle bli eit fjøs i tre, då Trond Vidar Berge starta planlegginga av ny driftsbygning. Med bakgrunnen hans som tømrar er det heller ikkje overraskande. | 2022-12-06T14:18:26 | https://www.bondevennen.no/tag/bygg/ | OSCAR-2301 |
Dette er eit kartlegginggskjema for å skaffe ein oversikt over innbyggarar med helsefagleg formalkompetanse eller arbeidserfaring som kan vere villlig til å bidra i Seljord kommune sin helse- og omsorgsteneste i samband med handteringa av koronavirus i kommunen. Dette gjeld folk som ikkje er tilsette i Seljord kommune frå før av. | 2022-12-09T02:07:31 | https://www.seljord.kommune.no/seljord-kommune-vil-kartlegge-helsefagleg-kompetanse-utanom-eigen-organisasjon.6297790-480104.html?printable=1 | OSCAR-2301 |
Måndag morgon vart det oppdaga innbrot i Millenniumsbygget på Kokstad. Innomhus AS vart fråstole verktøy til fleire hundre tusen kroner. | 2022-11-29T20:17:30 | https://www.bt.no/nyheter/lokalt/i/7658wv/dei-var-foerebudd-for-aa-sei-det-slik?r=4 | OSCAR-2301 |
Me varmar opp til Ølfestivalen 2019 med besøk frå Bergen. Tina Bertelsen frå 7 Fjell Bryggeri kjem for å presentera seks øl frå håndtverksbryggeriet. | 2022-12-03T12:15:50 | https://www.mellombelsolstove.no/arrangement/krankupp-og-olsmaking-med-7-fjell-bryggeri-106/ | OSCAR-2301 |
Vi gjentek suksessen frå vinterferien og satsar på ny handballskule i haustferien. Handballskulen vert arrangert saman med STIL handball, som den var sist. | 2022-12-04T05:32:05 | https://www.ghk.no/blog/post/90949/gjensidige-handballskule | OSCAR-2301 |
Orkland er ein kommune i Trøndelag fylke som blei danna 1. januar 2020 gjennom ei samanslåing av Orkdal, Meldal, Agdenes og ein del av Snillfjord kommune (Krokstadøra).[2][3] | 2022-12-09T09:25:13 | https://nn.m.wikipedia.org/wiki/Orkland_kommune | OSCAR-2301 |
Det var i 1927 og vi gjekk frå Ålesund med «Furenak» den 16. februar. Nordover langs kysten fekk vi nokså dårleg vêr og då vi kom til Vardø låg frostrøyken tjukk som skodde i fjorden. Men vi heldt fram austover og då vi kom inn mot isen i Kvitesjøen fekk vi nordvest storm. Inne ved land var det likevel ope (isfritt) så vi kom oss inn til Kapp Orlov, og på ei fin bukt der ankra vi opp for natta. | 2022-12-09T09:59:33 | https://www.ishavsmuseet.no/tag/furenak/ | OSCAR-2301 |
Rosolini er ein by og ein kommune i provinsen Siracusa i regionen Sicilia i Italia. Kommunen har vel 21 000 ibuarar og dekker ei flatevidd på 76,2 km². Byen ligg 49 kilometer sørvest for provinshovudstaden Siracusa. | 2022-12-06T08:47:34 | https://nn.m.wikipedia.org/wiki/Rosolini | OSCAR-2301 |
Alle er velkomne for ein kveld med mykje mingling og god musikk i vårt nye flotte klubbhus. Inngang inkluderer også grilla pølser frå Malmin og Orre i sjeva med mykje tilbehør. Fløyteis frå Iskremgarden, kaffi og knask.
Musikk blir servert i kraftig dose frå Big Band Bonanza utpå kvelden. Utvalet i baren blir variert, og det blir garantert triveleg både ute og inne frå første stund. Me opnar difor 19.00 og oppmodar om at alle kjem tidleg. Pris 250 kr + avgift | 2022-11-26T18:38:11 | https://www.hognestadil.no/events/p/1000020024/hognestnatta-2017 | OSCAR-2301 |
Velkommen til Lye barnegospel, eit barnekor på Lye forsamlingshus for alle frå 5 år til og med 4. klasse. | 2022-11-30T06:35:44 | https://www.lyeforsamlingshus.no/event/lye-barnegospel-13/ | OSCAR-2301 |
Lúthien vart fødd av Melian, ein Maia som valde å leva som alvedronning i lag med Thingol. Ho vart rekna som den fagraste av alle barn i verda, og åtte særskilde gåver frå mora. Ho levde og døydde i Første Heimsæva.
Lúthien sitt liv endra seg den dagen mannen Beren kom snublande inn i Doriath, og ho vart hugteken i han. Faren hennar valde å lure han ut på eit farleg ærend då han bad om ein silmaril som medgift, og Beren vann ein frå jarnkrona til Morgoth med hennar hjelp. Men Beren vart drepen av ulven Carcaroth som hadde slukt silmarillen, og Lúthien døydde same stunda.
Dei fekk båe livet attende ved guddommeleg hjelp (frå Eru), og budde i lag til dei båe døydde som menneske. Lúthien er den einaste av alveætt som retteleg har døydd og forlate verda, og alvane saknar ho, er det fortald.
lúthien er bestemor til Elwing og tippoldemor til Arwen Undómiel, som gjekk for å vera svært lik henne. Lagnaden til Arwen liknar òg på Lúthien si - ho valde å døy som menneske og ekta Aragorn.
Tolkien sjølv sette soga om Beren og Luthien (Leithian-kvadet) særskild høgt, og i soga om Beren og Lúthien finst nokre sjølvbiografiske trekk, som er understøtta av at namna Beren og Lúthien står skrivne på den felles gravsteinen til Tolkien og kona hans, Edith. Sjølve inspirasjonen til skildringa av Lúthien skal koma frå eit minne om at Edith Bratt Tolkien dansa på ei sommareng i England i 1914. Diktet om Beren og Lúthien slik det står i Ringdrotten, er ei omarbeiding av eit dikt som vart lagt til Húrin-kvadet frå 1926.
Tidleg legendariumEndra
The tale of Tinúviel vart skriven om lag 1917, og har i store drag same innhald som soga i Silmarillion. Namnet "Lúthien" er fråverande, og Beren er ein "gnome", ikkje eit menneske. I denne tidlege fasen var gnome-nemninga knytt til Noldoalvane. Far hennar bar namnet Tinwë Linto, og mora hennar var Gwendeling. Sauron var på denne tida ikkje skapt, men Beren og Tinúviel laut kjempe mot "Tevildo", kattefyrsten. Tinúviel og skalden Dairon/Daeron var bror og søster, medan Daeron i den seinare utgåva vart den forsmådde friaren. | 2022-12-02T06:24:26 | https://nn.m.wikipedia.org/wiki/L%C3%BAthien | OSCAR-2301 |
Vokalist er ein songar som framfører populær- eller underhaldningsmusikk.[1] Ein vokalist treng ikkje vera utdanna innan songkunst (men kan sjølvsagt vera det). | 2022-11-29T10:35:48 | https://nn.m.wikipedia.org/wiki/Vokalist | OSCAR-2301 |
Utkast til rammeverk for risikoanalyse av utlekking av miljøgifter frå ureina lokalitetar som følgje av klimaendringar | 2022-12-09T13:33:11 | https://www.vestforsk.no/nn/publications?f%5B0%5D=publication_created_date%3A1999&f%5B1%5D=publication_created_date%3A2002&f%5B2%5D=publication_created_date%3A2005&f%5B3%5D=publication_created_date%3A2007&f%5B4%5D=publication_created_date%3A2010&f%5B5%5D=publication_created_date%3A2014&f%5B6%5D=publication_created_date%3A2016&f%5B7%5D=publication_created_date%3A2019&f%5B8%5D=publication_research_area%3A11&f%5B9%5D=publication_research_area%3A420&f%5B10%5D=publication_type_of_publication%3A26 | OSCAR-2301 |
Kompakt einebustad plassert i ein eldre eplehage på Øvre Fossheim i Førde. Tomta er ei lita og svært bratt restetomt frå tidlegare utbygging, men har fine kvalitetar med utsikt ut Førdefjorden. Den kompakte situasjonen saman med eit omfattande romprogram krevde eit godt gjennomarbeida prosjekt med gode detaljar inne som ute. | 2022-12-04T14:52:35 | https://www.xform.no/prosjekt/villa-h | OSCAR-2301 |
Hausten 2011 var eg på ein ferietur til Nordaust-Grønland. For å få mest mogleg ut av turen, gjorde eg nokre forberedingar. Ein av desse var ein tur til Sunnmøre og Ishavsmuseet Aarvak i Brandal. På same turen, fekk eg ein tur på fjorden for å trene på fuglefotografering. Med eit par flyndrer som åte, var det ikkje vanskeleg å få nærkontakt med måkene. Ikkje heilt det same som havhest, men artig var det likevel. | 2022-11-29T00:25:55 | https://fjellogfoto.blogspot.com/2012/02/ | OSCAR-2301 |
Alle bedrifter med adresse i Vågå, eller som planlegg å etablere verksemd i Vågå, kan søkje om støtte frå kommunalt næringsfond. | 2022-11-28T04:35:05 | https://www.vaga.kommune.no/tenester/naringsliv-og-landbruk/naringsliv/naringsfond/ | OSCAR-2301 |
Nupskåpa er eit isdekt fjell, 2450 moh, like sør for Reecedalen i H. U. Sverdrupfjella i Dronning Maud Land. Det vart kartlagd av norske kartografar frå landmålingar og flyfoto av Maudheimekspedisjonen (NBSAE) (1949–52). Det vart fotografert på ny av den norske ekspedisjonen (1958–59) og namngjeve av dei. | 2022-11-29T17:30:05 | https://mapio.net/wiki/Q7069958-nn/ | OSCAR-2301 |
Indarar er folk frå India, verdas nest mest folkerike nasjon med 17,5 % av innbyggjarane i verda.[1] Ordet «indisk» viser til ein nasjonalitet, men ikkje ein etnisitet eller eit språk. Indarar høyrer til mange folkegrupper som snakkar ulike språk, til dømes indoariske eller dravidiske språk.
Mahatma Gandhi og andre indarar under saltmarsjen, ein demonstrasjon mot det britiske kolonistyret i India. | 2022-12-04T19:02:27 | https://nn.m.wikipedia.org/wiki/Indarar | OSCAR-2301 |
Mjølkemannen Jon Lea har fleire prosjekt og rollar på garden. År har han fått til noko som ikkje var sjølvsagt på Jæren. Han har fleire år dyrka korn til dyrefór, men i fjor sådde han haustkveite som skulle verte matkorn. Haustkveite er ein type korn som skal sås på hausten og spirer før frost. | 2022-12-07T13:44:55 | https://ystepikene.no/category/uncategorized/ | OSCAR-2301 |
Utstillinga bugnar i flotte verk frå våre faste kunstnarar. Her kan du kjøpe verk rett frå vegg og bord, utstillinga endrar seg gjennom heile november og desember. | 2022-12-10T08:49:46 | https://gallerigiga.no/?add-to-cart=15853 | OSCAR-2301 |
Montresta (sardisk Montrèsta) er ein kommune i Italia som ligg i provinsen Oristano i regionen Sardinia. Han har 489 innbyggjarar.[1] Kommunen dekkjer eit område på 31.16 km²[2] og ligg i ei høgd på 410 meter over havet. | 2022-11-28T04:33:33 | https://nn.m.wikipedia.org/wiki/Montresta | OSCAR-2301 |
Tal frå Eiendom Norge viser at prisane på fritidseigedommar har stige med 12,6 prosent i første halvår 2021. | 2022-12-02T19:51:37 | https://www.kvinnheringen.no/hytteprisane-har-stige-12-6-prosent-hittil-i-ar/s/5-27-299006 | OSCAR-2301 |
Sigbjørn Apeland Sigbjørn Apeland (1966) har kyrkjemusikkutdanning frå Rogaland musikkonservatorium og doktorgrad i etnomusikologi frå Universitetet i Bergen. Arbeider til dagleg ved Griegakademiet og folkemusikkarkivet Arne Bjørndals samling. Har medverka på rundt 60... | 2022-11-30T00:30:03 | https://autunnale.prefer.no/project_tag/ekko-festivalen/ | OSCAR-2301 |
Velkomen til ei ny oppdatering her i spalta i soga om at eg held på å ta sertifikatet. For å kunne køyre opp må ein levere inn helseattest. Det er ei eigenerklæring om helse og ein attest frå optikar som testar sidesyn og slikt, sånn at ein ikkje er ei fare i trafikken. Eg ser ikkje særleg godt, så eg må ha briller for å køyre bil. Det er ikkje eit veldig stort problem, for eg må óg ha briller for å finne utgangsdøra frå leilegheita. Eller linser, då, som er det eg bruker. | 2022-11-30T18:05:53 | https://klassekampen.no/utgave/2022-11-24/dunce | OSCAR-2301 |
Andebu kyrkje ligg i Andebu, Høyjord og Kodal sokn i Andebu i Sandefjord kommune. Ho er ei steinkyrkje frå 1100-talet med eitt skip og eit kvadratisk kor. Kyrkja har omtrent 300 sitteplassar. Orgelet i kyrkja er frå 2008. | 2022-12-01T14:06:48 | https://mapio.net/wiki/Q6981485-nn/ | OSCAR-2301 |
I Tyrnevika måtte vraka opp frå sjøen. Dokken utanfor CCB får ligge. Frå utsida kan det sjå ut som ei urimelig forskjellsbehandling. Men sakene er forskjellige, skriv Vestnytt på leiarplass. | 2022-12-10T01:55:23 | https://www.vestnytt.no/meninger/leder/i/6jL6Kz/det-er-stor-forskjell-mellom-sakene | OSCAR-2301 |
Esporlatu (sardisk Isporlàtu) er ein kommune i Italia som ligg i provinsen Sassari i regionen Sardinia. Han har 396 innbyggjarar.[1] Kommunen dekkjer eit område på 18.4 km²[2] og ligg i ei høgd på 473 meter over havet. | 2022-12-07T07:02:02 | https://nn.m.wikipedia.org/wiki/Esporlatu | OSCAR-2301 |
Vestfold og Telemark fylkeskommune melder no at Åmotsdalsvegen opnar for trafikk i ei fil med lysregulering frå måndag morgon (23.11.2020). Det betyr at skuleskyss og alle kommunale tenester i området kan gå som vanleg frå måndag. | 2022-12-08T13:09:03 | https://www.seljord.kommune.no/aamotsdalsvegen-opnar-maandag-morgon.6348093-480104.html?printable=1 | OSCAR-2301 |
FOTBALL: Ambisjonsrike Mathias Skaftun Boge (22) frå Vaksdal har denne hausten byrja på eit nytt kapittel i fotballkarrieren, det skjer i Trøndelag. | 2022-11-29T15:10:51 | https://www.vp.no/mathias-satsar-med-stjordals-blink/s/5-134-66622 | OSCAR-2301 |
Prydvokstrar er vokstrar som vert dyrka som pynt i hagar eller i potter innandørs. Dei er dyrka for utsjånaden eller dufta, til skilnad frå nyttevokstrar, som er dyrka for føde eller råvarer. | 2022-12-06T07:28:06 | https://nn.m.wikipedia.org/wiki/Prydvokster | OSCAR-2301 |
Posen med heile 10 par ski er blitt borte på vegen mellom Oslo og Kontiolahti, der fyrste verdscupkonkurranse går i morgon. Der er mellom anna gullskia frå Sapporo-VM | 2022-11-29T03:30:09 | http://www.samferdselsbloggen.no/2007/11/lars-berger-fra-lesja-har-mista.html | OSCAR-2301 |
I går fekk Setesdalswiki ein ny flott artikkel av Siri. Den var om emigranten frå Rysstad som vart prest i Texas. Foreldra kom til Amerika i 1845, då var han ikkje fødd. Då han starta som prest, var han einaste norske presten i heile den store staten. Han tok også initiativ til å få til eit leseværelse for sjøfolk i Galveston, seinare hadde også Sjømannsmisjonen arbeid der og i Houston.
I dag sat eg og funderte på kven eg skulle ha med i Aktuell time komande onsdag. Då fekk eg melding frå Ørnulf om at han hadde ein halv time med opptak frå Sauesjå 2022. Dermed var programmet i boks, ettersom eg alt hadde to avtalt to innslag tidlegare. Det er alltid godt når det legg seg til rette. | 2022-12-02T10:29:22 | https://blog.setesdalswiki.no/2022/10/01/ | OSCAR-2301 |
Etter ein utruleg jamn semifinale så står vi no att med tre finalistar. Desse tre er Marina Fredheim frå #landbruknord – #tromsogfinnmark, Britt Elena Wollan frå #landbrukstjenesterfosen – #trøndelag og Line Hallingen frå #helgelandlandbrukstjenester – #nordland. Tidlegare stemmer er nullstilt og ny avstemming er starta så her er det berre å hive seg rundt! | 2022-11-28T22:43:15 | https://www.ltgr.no/finale-i-arets-avloysar-2022/ | OSCAR-2301 |
Då er endeleg finalistane til Årets Avløysar 2021 klare. Det var jamt i toppen og dei tre med flest stemmer er no med vidare i kokurransen. Desse tre er Vidar Ulla frå Storfjord Landbrukstenester, Rune Wik frå Namdal Landbrukstjenester og Raymond Fagerli frå Helgeland Landbrukstjenester. Den av desse tre kandidatane med flest stemmer vert Årets Avløysar 2021. Alle tre vert invitert til NLT si Haustsamling 27.-28. oktober 2021, der vinnaren vert presentert under festmiddagen. | 2022-12-09T22:07:52 | https://www.vest-landbrukstjenester.no/finale-i-arets-avloysar-2021/ | OSCAR-2301 |
Vi har spurd tre songarar frå Kvinnherad om korleis 2020 har vore for dei, og kva håp dei har for neste år. | 2022-12-01T19:12:19 | https://www.kvinnheringen.no/slik-har-korona-aret-vore-for-tre-musikarar-fra-kvinnherad-og-dette-trur-dei-om-2021/s/5-27-264878 | OSCAR-2301 |
grunn til at resultat ikkje kom opp på equtiming vil verta sjekka. Bruk av metallpinnar i staden for plastpinnar er ein førebels teori. | 2022-12-07T21:11:02 | https://osteroyil.no/?mapping=767 | OSCAR-2301 |
Forus er eit område nord på Jæren mellom Sandnes og Stavanger i Rogaland fylke. I området har mange oljeselskap hovudkvarter for verksemda si i Noreg. Forus er òg kjend for Forus Travbane. | 2022-11-29T15:29:37 | https://nn.m.wikipedia.org/wiki/Forus | OSCAR-2301 |